Kyrkja sin einskap

Frå 18. – til 25. januar vil ein i Den katolske kyrkja be særskild for kyrkja sin einskap. I høve dette vil eg her kort skrive litt om einskapen i kyrkja slik vi finn det i Efesarbrevet. Dette er laust basert på mi semesteroppgåve i NT frå i haust; «Å ta vare på Andens einskap…» Eit ekklesiologisk studium av Ef 4:3-6.11-16 med særleg fokus på kyrkja sin einskap. (Pdf-fil. De finn fleire her.) Eg vil berre heilt kort skrive ned nokre tankar ut frå denne. Eg skal berre sitere versa i mi eiga omsetjing, og legge til nokre eigne kommentarar, ut frå semesteroppgåva mi.

Efesarbrevet er det nytestamentlege skriftet som klarast held fram kyrkja. Det er truleg NT sitt ekklesiologiske hovudbrev, med ein klar samanheng mellom kristologi og ekklesiologi.[1] Nytestamentlaren Ernest Best skriv:

[It] can be said that the thrust of the christology of Ephesians, while not out of line with that of other Pauline letters, or indeed the vaster part of the NT, is ecclesiological, just as its teaching on the church may be described as christological. Yet the link between the theological earlier part of the letter and the paraenetic later part is not christological … but ecclesiological.[2]

I semesteroppgåva tok eg for meg Ef 4:3-6.11-16. Eg tok også med v.1-2 i omsetjinga, for kontekstens skuld. Her tek eg berre for meg v.3-6.

1 Difor formanar eg dykk, eg som er ein fange i Herren, at de må ferdast verdigt det kallet de vart kalla med, 2 med all audmykt og tolsemd, med langmod, så de tåler kvarandre i kjærleik 3 og legg vinn på å ta vare på Andens einskap, i fredens samband; 4 éin lekam og éin Ande, liksom de også vart kalla til eitt håp då de vart kalla, 5 éin Herre, éi tru, éin dåp, 6 éin Gud og Far for alt, han som er over alt og gjennom alt og i alt.

Det Paulus her formanar om er at vi må halda fast på einskapen i Anden. Det er viktig å påpeike at han ikkje formanar oss om å skapa einskap, men om å halda fast på den faktiske einskapen. Men dersom denne kan missast, er den verkeleg essensiell for kyrkja? Ja, og eg trur svaret ligg i Paulus si bruk av lekamsmestaforen, som eg kjem tilbake til.

I v.4-6 ser vi Pauli ‘formelmessige’ opplisting av det trusinnhaldet kyrkja samlar seg om. Versa er i nærast kateketisk form, og har ein klar komposisjon og eit retorisk siktemål. Til v. 4 er det særleg lekamsmetaforen som er viktig.[3] Dette er heilt sentral i Efesarbrevet, men er brukt litt annleis enn (elles) hjå Paulus (t.d. hovudtenkinga i v.15-16). Paulus ynskjer truleg å fokusere på eit jødisk (positivt) syn på det lekamlege ved å distansere seg frå ein gresk-romersk dualisme der lekamen er mindre viktig (og der ein er meir komfortable med tanken om Kristus som kyrkja si ‘sjel’). Vi møter omgrepet fyrst i 1:23 der kyrkja har ein kosmisk dimensjon som lekamen til «han som fyller alt i alle.» Vidare (i 2:16) ser vi einskapen i frelsa ved at Kristus «forsona dei begge» (dvs. Israel og heidningefolka) «med Gud, i éin lekam.» Lekamen kan her vise til den krossfeste, men kan også vise til kyrkja. Men det viktigaste er at dette er Kristi lekam. «For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, er alle lemene éin lekam, endå dei er mange. Slik er det med Kristus òg.» (1Kor 12:12) Legg merke til kva Paulus skriv. Ikkje ‘slik er det med kyrkja,’ men ‘slik er det med Kristus.’[4] Som lemer på Kristi lekam er vi underlagt han, jf. ‘Herre’ (v.5).

Dette er ikkje berre ein generell einskapsmetafor der kyrkja har einskap som éin lekam, men fokuset i Efesarbrevet er på at dette er Kristi lekam, noko som kan hjelpe oss i spørsmålet om einskapen er essensiell og gitt dersom vi må halda fast på han. Vi kan tenke oss at liksom lekamen vert verande éin etter ein amputasjon kan kyrkja som sådan halda fast på einskapen sjølv om ho skulle oppleve splid eller missa einskildsmedlemmar. Formaninga om å halda på einskapen er då ei formaning om å halda fast på Kristus, og vere eitt med han og (fylgjeleg) andre kristne.[5]

Vidare er ‘Herre’-omgrepet viktig. Det er brukt tre stader i Efesarbrevet (4:5; 6:9.24). Best meiner det ikkje nødvendigvis uttrykker Kristi herredøme (‘headship’) over kosmos (Ef 1:10.22) eller kyrkja (Ef 4:15), sjølv om dette er sentralt i Efesarbrevet, fordi «it occurs in preformed material.»[6] Eg er ikkje overtydd av dette, då det er viktig å sjå korleis Paulus bruker dette (eventuelt gamle) materialet, og korleis han elles bruker desse omgrepa. Eg meiner dette er ein referanse til Shema.[7] Gitt at ‘Herren’ er Kristus, ser vi her noko nytt i høve jødiske skrifter, ei retolking av Shema.[8]

Trua er også sentral, men fokuset her er ikkje på sjølve trushandlinga, men på innhaldet. Efesarbrevet er spesifikt skrive til kristne (jf. 1:1; 4:3), og fokuset er ikkje på rushandlinga som sådan (fides qua creditum, ‘den trua det vert trudd med’), men på trusinnhaldet (fides quae creditum, ‘den trua som vert trudd på’).[9]

Dåpen er vidare viktig.[10] Best meiner dette viser til «the Christian initiatory rite of water baptism.»[11] Eg tek ikkje opp spørsmålet om dåpens natur her,[12] men vil kort sjå på korleis det er brukt. V.5 er den einaste staden i Efesarbrevet der omgrepet dåp (gr. βάπτισμα) er brukt, men konseptet vert uttrykt på andre måtar. I Ef 5:25-26 les vi: «Menn, elsk konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, så han kunne helga henne, med di han reinsa henne med vassbadet i ordet.» Dåpen er her noko passivt frå vår side, med Kristus som den aktive part.[13] Men kva er meint med ‘éin dåp’? Dette kan vere eit spørsmål om symmetri (‘éin Herre, éi tru…’), men det kan også vere snakk om dåpen som initiering og underkasting under den éine Herren, i den éine trua,[14] eller at det berre finst éin dåp. (At det skjer éin gong ligg implisitt i dåpens natur som initiering.[15]) I dåpen vert ein også fødd inn i Guds familie (Joh 3:3.5; Ef 2:19; 4:6).

Det er vidare viktig å setje fokus på Fars-omgrepet.[16] Eg går ikkje detaljert inn på dette, men vil kort peike på seks ting: (1) Pauli bruk av «éin Gud og Far» er truleg monoteistisk, kanskje p.g.a. heidningekristne. ‘Far’ kan her forståast i meininga ‘skapar,’ med ‘alt’ (gr. πάντων/πᾶσιν, v.6b) forstått som inkjekjønn, og ikkje hannkjønn.[17] Dette kan då knytast til tanken om fornyinga av skaparverket (Rom 8:18-27). (2) Vi ser i denne teksten (v.4-6) ein trefaldig (men ikkje nødvendigis trinitarisk) samanstilling mellom ‘Ande,’ ‘Herre’ og ‘Gud/Far,’ jf. 1Kor 12:4-6. (Samanlikn med binære formuleringar i t.d. 1Kor 8:6.)[18] (3) Fars-omgrepet må forståast patriarkalsk, ut frå samfunnsstrukturen.[19] Gud vert i NT likna med ‘husherren’ (gr. ὁ οἰκοδεσπότης),[20] og vi ser ein blanding av familie- og kongerikemetaforane.[21] Reidar Hvalvik påpeiker at frasen ‘Guds kyrkje’ (gr. ἡ ἐκκλησία του θεοῦ) «can only be understood in the sense “the church that belongs to God,” a phrase which makes sense only if the assembly consists of “the people of God.”»[22] (4) For mange kristne vart kyrkja ein ny familie, som erstatning for den familien dei evt. tapte då dei konverterte.[23] (5) Gud arbeider gjennom bestemte menneske,[24] og delegerer autoritet, jf. t.d. apostlane.[25] (6) I v.4-6, som ‘legg ut’ einskapstemaet, ser vi ein kulminasjon nettopp i den éine Gud og Far.

Einskapen i kyrkja er den einskapen vi har i Kristus, under Gud som paterfamilias. Den består i eit personleg fellesskap med Gud og med andre kristne, samla om trusinnhaldet (jf. Ef 1:23; 2:18-22). Det kan difor aldri vera sann einskap dersom det ikkje er einskap i lære.

Lat oss alle be om einskap, slik Kristus ber at vi må vera eitt.

Kjelder:

Best, E. (1998). Ephesians. ICC. Edinburgh: T&T Clark

Brueggemann, W. (2008). Old Testament Theology. An introduction. Nashville, TN: Abingdon Press

Fee, G.D. (1987). The First Epistle to the Corinthians. NICNT. Grand Rapids, MI: Eerdmans

The Hope of Salvation for Infants Who Die Without Being Baptised. Eit dokument frå Den katolske kyrkja sin internasjonale teologiske kommisjon. [Henta frå vatican.va, 02.01.2012]

Hvalvik, R. (2007). «“The Churches of the Saints”: Paul’s Concern for Unity in His References to the Christian Communities.» TTK 78, s.227-247

Lincoln, A.T. (1990). Ephesians. WBC, vol. 42. Nashville, TN: Thomas Nelson

Moe, O. (1956). Paulus’ brev til Efeserne. Innledet, oversatt og fortolket. Oslo: Aschehoug

Saller, R. (1986). «Patria potestas and the stereotype of the Roman family.» Continuity and Change 1, s.7-22

Sandnes, K.O. (1994). A New Family. Conversion and Ecclesiology in the Early Church with Cross-Cultural Comparisons. Bern: Lang

Sannes, K.O. (1978). Dåpen og dens plass i kirkens liv. Oslo: Aschehoug

Schmemann, A. (1997). Of Water and the Spirit. Crestwood: SVS Press

Theological Dictionary of the New Testament. (Forskjellige redaktørar). Grand Rapids, MI: Eerdmans 1971 (10 vol.)

Waaler, E. (2008). The Shema and the First Commandment in First Corinthians: an intertextual approach to Paul’s re-reading of Deuteronomy. (Wissenschaftliche Untersuchungen zum Neuen Testament 2.Reihe). Tübingen: Mohr Siebeck

Noter:

[1] Best 1998:49-51

[2] Best 1998:51

[3] Best 1998:189-196; TDNT VII:1077-1080

[4] Fee 1987:602, ftn. 12

[5] Jf. bruken av ‘i Kristus.’ (Best 1998:153-154)

[6] Best 1998:368

[7] TDNT III:1058-1062; Lincoln 1990:239, jf. Deut 6:4; Mark 12:29.

[8] Waaler 2008:254-255.423-439

[9] Moe 1956:98

[10] TDNT I:529-546

[11] Best 1998:369

[12] For dette, sjå Sannes 1978; Schmemann 1997:37-70.

[13] Sjå HSIWB:8-10, jf. Joh 3:3.5; Tit 3:4-7; 1Pet 3:21.

[14] Lincoln 1990:240

[15] Best 1998:369

[16] TDNT V:945-1014

[17] Best 1998:370-371

[18] Sjå Waaler 2008:252-255

[19] Sandnes 1994:47-111

[20] TDNT II:44-49. Lat.: paterfamilias, patria potestas (Sandnes 1994:93-111; Saller 1986)

[21] Matt 13:24-30.36-43.52; 20:1-16; Luk 12:32; Joh 3:3.5, m.m.

[22] Hvalvik 2007:233

[23] Sandnes 1994:21-22.65.83-86

[24] Brueggemann 2008:28.165

[25] Jf. Matt 16:18-19; 18:18; 20:20-28; Joh 20:21-23; Apg 2:42; 5:10-13; 1Kor 4:1; Hebr 13:7.17.

I call BS

Today I read an Guardian article by Sunny Hundal on the (future) funeral of Margaret Thatcher, stating that for it to be privatized – that is “to be funded and managed by the private sector” – would “be a fitting tribute to her ideological legacy.” This comes from an e-petition by someone named Scott Morgan, who writes:

In keeping with the great lady’s legacy, Margaret Thatcher’s state funeral should be funded and managed by the private sector to offer the best value and choice for end users and other stakeholders. The undersigned believe that the legacy of the former PM deserves nothing less and that offering this unique opportunity is an ideal way to cut government expense and further prove the merits of liberalised economics Baroness Thatcher spearheaded.

Hundal’s account is a gross misinterpretation of Thatcher, and of people who consider themselves to be on the right, and not left, side of politics. But the most interesting part it this sentence from the article (emphasis added):

Neither Thatcher nor Reagan were enamoured with the state and its role in society. They wanted private companies to be able to reach into every party of our lives. So why not extend this privatisation experiment into the after-life?

First, I think it is unfair to compare Thatcher and Reagan. I find Thatcher a bit heartless, but I wouldn’t say that about Reagan. Second, notice the bolded part. Hundal presents this as Thatcher or Reagan (or ‘people like them’) wanting private companies to rule us and ‘reach into every party of our lives.’ Pardon my french, but that is total BS. Neither Thatcher nor Reagan nor myself is/was positively hoping for private companies to rule us. It is not a case of wanting them to ‘reach into every party of our lives.’ It is rather a case of not wanting the government to ‘reach into every party of our lives.’ The people should be allowed to decide for themselves, and have let the government as (more or very often less benign) rulers. The government should not be our rulers, but our servants.

So no, we (and I’m not agreeing with everything Thatcher did) do not want private companies to ‘reach into every party of our lives.’ But neither should the government. The only ones, besides God, who should ‘reach into every party of our lives’ is ourselves and, at most, our families.

Forever Jong? Ikkje det, nei.

Den litt halvdårlege vitsen i tittelen på dette innlegget har eg stole frå ein Faceebok-bekjent. Dette innlegget vil derimot handle om meir politiske saker i kjølevatnet av Kim Il Jungs død.

I ein debatt omkring Kim Il Jung kom eg over denne interessante artikkelen av Christopher Hitchens, “A Nation of Racist Dwarfs.” Der skriv Hitchens om styret i Nord-Korea, og poengterer at dei, i motsetnad til ein del avdre forsøk (t.d. Sovjet*), har klart å skape “a sort of new species. Starving and stunted dwarves, living in the dark, kept in perpetual ignorance and fear, brainwashed into the hatred of others, regimented and coerced and inculcated with a death cult.” Eg vil tilrå at de leser dette stykket, men ta det med ei klype salt. For Hitchens gjer, som mange andre, den feilen å setje tette skott mellom det ‘høgreekstreme’ og det ‘venstreekstreme.’ Hans skriv:

The whole idea of communism is dead in North Korea, and its most recent «Constitution,» «ratified» last April, has dropped all mention of the word. The analogies to Confucianism are glib, and such parallels with it as can be drawn are intended by the regime only for the consumption of outsiders. Myers makes a persuasive case that we should instead regard the Kim Jong-il system as a phenomenon of the very extreme and pathological right. It is based on totalitarian «military first» mobilization, is is maintained by slave labor, and instills an ideology of the most unapologetic racism and xenophobia.

Men kva er det som får Hitchens til å tru at dette nødvendigvis kvalifiserer til at Nord-Korea sitt ideologiske grunnlag er ‘høgreekstremt,’ i motsetnad til det ‘venstreekstreme’? Alt det Hitchens nemner i artikkelen kan vi også finne hjå Mao, Pol Pot og Stalin. Er dei brått blitt det ‘høgreekstreme’? Skal vi endre historiebøkene no, for å fjerne det faktum at dei var kommunistar? Det er særs interessant, spør du meg, at mange er å opptekne av å merke nokre ting som ‘høgreekstremt’ fordi noko anna hadde tvunge dei til å innrømme at å vere på venstresida ikkje nødvendigvis gjer deg til ein koseleg og fredeleg teddybjørn.

Eg vil også gjerne få påpeike at når alt kjem til alt er det ‘høgreekstreme’ og det ‘venstreekstreme’ to sider av same sak. Nazismen er essensielt ein ‘venstreradikal nasjonalisme,’ i kontrast til Sovjets ‘venstreradikale internasjonalisme.’ Både nazistane og fascistane var motstandarar av kapitalismen. Når alt kjem til alt er det ‘høgreekstreme’ og det ‘venstreekstreme’ to sider av same sak, med litt endra propaganda. (Det er den same eliten som ender opp med å styre uansett.)

For å oppsummere kan vi seie at sjølv om dei ‘høgreekstreme’ (Hitler, Mussolini, etc.) ofte endar opp med med å støtte ein viss konservativ smak (kultur, mote, etc.) endrar ikkje dette det faktum at det einaste som skil Mao, Pol Pot, Hitler, Stalin, Mussolini og Kim Jong Il er valet av ansiktshår.

* Mi tolking av kvifor dette har vorte ‘vellukka’ i Nord-Korea er at dette landet er særs lite, medan Sovjet var av massiv storleik. Vi kjenner også til kva som skjedde med Romarriket når det vart for stort.

Evkjaristien og oss

Her er nokre kloke ord frå den anglikanske biskopen i London (CofE), the Rt. Revd. Richard Chartres:

The Eucharist is performative and not merely illustrative. “We take not Baptism nor the Eucharist for bare resemblances or memorials of things absent, neither for naked signs and testimonies assuring us of grace received before but for means effectual whereby God, when we take the sacraments, delivereth into our hands that grace available unto eternal life.” [Richard Hooker Laws of Ecclesiastical Polity V: 57.]

Borna i Afrika og min nye iPad

Eg skaffa meg ein ny iPad i går, og ein kamerat spurte litt morosamt om eg verkeleg trengte den. Eg sa at eg kunne blogge om borna i Afrika, for å ‘rettferdiggjere’ pengebruken. Så difor kjem det her ein post om desse. Støtt dei, og bli gjerne ‘adoptivforeldre.’

Så, er dette godkjent? ;)

VG, Gud, Faderen og lingvistikk

For nokre dagar sidan publiserte eg eit innlegg om Gud som Far i høve den nye bibelomsetjinga. Før eg går vidare vil eg konstantere at eg er særs nøgd med korleis ein har brukt Fars-omgrepet i Bibel2011. Der det er bestemt form har ein omsett med ‘Faderen,’ elles er det ‘Far.’ Dette meiner eg er eit særs godt val. Men over til mitt førre innlegg. Eg fekk den tvilsame gleden av å komme på framsida til VG Nett, etter at Magne D. Antonsen valte ut dette innlegget som ein del av ‘Lesernes VG.’ No vil eg ikkje definere meg som ein VG-lesar, men dette var interessant. I skrivande stund er det ca. 76 kommentarar til innlegget, og det kjem sikkert fleire. Mange av dei er kloke, innsiktsfulle innlegg av typen “Hva med «Flyvende spagettimonster»? Ja, jeg tror jeg vil kalle ham Flyvende Spagettimonster fra nå av..” og “Hvis Gud er Far, hvem er da Farfar ?”

Men eg kom over ein interessant kommentar som ser ut til å vere skrive av ein tildels oppegåande person, men som eg trur ikkje heilt forstår kva han har skrive. Eg tek for meg påstandane hans etter kvart.

Helt riktig uansett. Gud er og forblir mann. Faderen er rimelig gammeldags, og det spiller egentlig liten rolle om det er Faderen eller Far. Etymologien er at «gud» er mann og «gudinne» er kvinne.

Dette har eg sjølv teke opp i nokre debattar: språkleg sett er ordet ‘gud’ maskulint, medan ‘gudinne’ er feminint. Eg skal ikkje gå inn på dette akkurat her, men eg tenker å skrive litt om dette ved eit seinare høve.

Like morsomt er det at noen påstår Gud ikke er mann. Gud er mann språklig og kan umulig omtales anderledes. Det viser oss at godeste Freud har rett. Gud er en barnslig farsfiksering og overdreven forelder av hannkjønn. At folk tror på den slags den dag i dag er banalt.

Her ser vi litt ‘klassisk,’ nyatetisk kvasi-intellektuell name-dropping. Eg tviler sterkt på at vedkommande faktisk har lest Freud, men det er ei anna sak. Han tek eigentleg ikkje for seg spørsmålet om dette er sant eller ikkje, dette kastar han til sides, for å gå til ‘den eigentlege grunnen’ til gudstru. Dette må vel vere eit klassisk uttrykk for ‘bulverisme.’

Gud kan motbevises lingvistisk sett: han er mann i språket og hvem kan overhodet tro at han finnes som noe annet enn en språklig konstruksjon.

Denne setninga heng ikkje saman logisk. Meiner vedkommande at Gud kan motbevisast lingvistisk fordi vi bruker ein term om Gud? Vi ser ut frå siste setninga at dette berre er ei postulering av at ateismen er sann. Vedkommande fører ikkje noko prov, verken lingvistisk eller noko anna, han berre postulerer at han har rett, ut frå ein klassisk ‘fordi det veit jo alle’-tanke. Å påstå at noko kan motbevisast ‘lingvistisk’ fordi ein bruker ein term om Gud er rett og slett ein heilt meiningslaus påstand. Det vert som å seie at Gud ikkje eksisterer fordi folk påstar han eksisterer.

‘Klassisk,’ nyatetisk kvasi-intellektuell term-dropping.

Gud som Far

I høve den nye bibelomsetjinga som vert lansert i morgon tok eg turen innom bibel.no for å lese litt om endringane. Der stod det litt om kvifor ein har valt å gå over til Far, frå Faderen. Før eg går inn på det dei skreiv vil eg berre seie at eg likar best ‘Far,’ men at ‘Faderen’ er betre der det står bestemt artikkel. Når Kristus (t.d. i Matt 11,27; Mark 13,32; Luk 10,22; Joh 3,25, etc.) skriv om ‘Faderen’ (ὁ πατήρ, ho patær) og ‘Sonen’ (ὁ υἱός, ho hyios) meiner eg det for det fyrste vert feil å skrive ‘Far’ og ‘Sonen.’ Det ser rart ut, og høyrest rarare ut. Det er ikkje betre å bruke ‘Faren,’ det høyrest også feil ut. Her meiner eg ein bør halde på ‘Faderen.’ (Eg er litt spent på kva dei har valt å gjere i omsetjinga som kjem.)

Men over til det dei skreiv om ‘Fars’-omgrepet:

Når Jesus omtaler Gud som sin Far, var dette en annerledes uttrykksmåte enn det som ofte ble brukt i samtiden. Nærheten i forholdet mellom Jesus og hans himmelske Far kommer nå tydeligere fram gjennom at ordet «Fader» en rekke steder er erstattet med «Far», blant annet i tiltalen til Fadervår: «Vår Far i himmelen!» «Faderen» i bestemt form er beholdt i formelen «Faderen, Sønnen og Den hellige ånd».

Men slik eg har lest om fars-omgrepet på nytestamentleg tid er ikkje dette nødvendigvis rett. Ordet ‘Far’ kan sjølvsagt peike på det intime, det nære, det kjærlege. Og det trur eg også det gjer. Men det peiker like mykje på det strenge, det standhaftige, det irettesettande, det rettferdige, det styrande. I samtida var far i huset (eller snarare slekta) kjent under omgrepet ὁ οἰκοδεσπότης (ho oikodespoths), ‘husherren’ (eig. ‘husdespoten’). Dette var familien sitt overhovud, betre kjent under dei latinske nemningane pater familias, paterfamilias eller patria potestas. (Sjekk Wikipedia.) Eg trur at vi, for å skjøna kva bibeltekstane seier oss, må prøve å lære litt om det miljøet dei vart skrivne inn i.

PS, ein liten digresjon. Eg hugsar for nokre år sidan at ein predikant, for å formane til personleg kristentru, sa at “Gud er vår Far, ikkje vår bestefar. Gud har ingen barneborn.” Det er bra å oppfordre til eit personleg val, men eg trur ikkje dømet han gav var noko godt. For fars-omgrepet var nettopp farga av paterfamilias-tanken, og ein paterfamilias var altså overhovud for storfamilien og kunne godt ha vore ein bestefar. Fars-omgrepet inkluderte nemleg bestefedre. Predikanten hadde eit godt mål, men han burde ha brukt eit anna argument. Men slik kan det gå når ein les slike omgrep i lys av notida sine kategoriar. Men det er ein digresjon.

Då vil eg berre oppmode folk om å ta seg ein tur til nærast bokhandel i morgon, og kjøpe seg ein ny bibel.

Carissmi og nattverdsbrot. Eit svar til Hallvard Jørgensen

Dette er svar til Hallvard Jørgensen sin post om det å vere prest i Dnk. Eg tek ikkje opp alt han skriv, men vil ta for meg det som eg meiner er det viktigaste, og som får fram Carissimi sitt poeng.

Hallvard skriv:

For øvrig er det ingen tvil om at ein må utanfor NT for å hente grunngjeving for meir høgkyrkjelege syn på bispeembetet.

Denne trur eg du bør utdjupe litt meir. Kva meiner du med å gå ‘utanfor NT’? Dersom du meiner at dette ikkje har noko som helst grunnlag i NT, så trur eg du tek feil. Her kan ein t.d. vise til Ef 4,11-12, men eg vil ikkje argumentere for dette akkurat no. (Eg held på med ei oppgåve på akkurat dette, og har ikkje lyst til å bli teke i plagiat av meg sjølv.)

Dersom du derimot meiner at ein må ‘utanfor NT’ (dvs. i samfunnet omkring, i den kristne kulturen, i GT, etc.) for å finne ut korleis ein skal lese forskjellige delar av NT, dvs. ei dels historisk lesing av NT, er eg einig. Men det gjeld all tekst.

Men eg trur nok at det er fyrstnemnde du meiner, og her er eg ueinig.

Hallvard skriv:

Men ja, dette betyr at eg nok ikkje ser situasjonen i Dnk som like “akutt” som Carissimi gjer, d. e. når dei vil meine at det ikkje er mogleg å stå i ei kyrkje med ein vranglærande biskop over seg.

Spørsmålet er sjølvsagt kva syn ein har på biskopen. Slik eg ser det er biskopen den som kyrkjerettsleg representerer eit bispedøme, og dei som høyrer under dette. Det vil seie at dei som høyrer under dette bispedømet må vere i kommunion med biskopen. Kva som er meint med kommunion er eit komplekst spørsmål, men eg vil (med Carissimi og med Dag Øivind Østereng) seie at kommunionsomgrepet inneber, m.a., lærefellesskap. Når dette ikkje finn stad (t.d ved at ein har forskjellige syn på homofilt samliv[1]) har ein heller ikkje kommunion. Eg pleier ofte sitere Apg 2,42 som ein slags oppsummering (kanskje eit minste felles multiplum) av kva kommunion inneber: “[Dei fyrste kristne] heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.” (NT05) Vi kan kanskje seie at dette betyr at ein må halda saman i lære, fellesskap, nattverd og bøn, for å bruke dels lutherske uttrykk.

Når det gjeld gravferdsliturgien er eg usamd med deg. Sjølv om den sikkert er meint positivt, kan ordlyden tolkast på ein meir ‘klassisk’ måte, at vi let Gud gjere med den avdøde slik han vil, til dom eller frelse. (Men det er ein digresjon…)

Hallvard skriv:

Ei problemstilling som har vore særleg aktuell er dette med nattverd med ein visiterande biskop som fer med vranglære. Det var ei slik problemstilling som førte til at Dingstad måtte gå; lærenemnda avgjorde altså at han ikkje hadde rett til å nekte nattverdfellesskap med Sigurd Osberg. No skal det seiast at den teologiske utviklinga har gått mykje lengre etter dette. Likevel synest det altså som at Carissimi-grupperinga ikkje får alternativt tilsyn. Pettersen har vore kompromisslaus her og sagt at prestane er nøydde til å dele nattverdbord med biskopen, jfr. denne artikkelen. Nordhaug har vore meir kompromissvillig og heller råda prestane til å vere borte på visitasdagen, jfr. her. Prestane vil då bli refsa, men ikkje nekta å utføre si prestegjerning vidare.

Poenget i argumentasjonen mot Dingstad var at Osberg berre representerte seg sjølv, og ikkje stod som representant for kyrkja. Difor kunne ikkje Dingstad som prost bryte kommunionen med Osberg som biskop sjølv om Osberg som privatperson var ein kjettar. (Eg bruker kanskje sterke ord her…) Men i Carissimi sitt tilfelle er saka heilt annleis. Etter LM2006 og KM2007 kan to biskopar stå for to heilt motsette syn i homofilispørsmålet som biskopar. Dette betyr at det de facto har skjedd eit brot. Dette må få praktiske konsekvensar.

Hallvard skriv:

Det er sant at nattverden er “einskapens sakrament”, jfr. 1 Kor 10. Så det å delta i nattverdfellesskap er eit synleg teikn på kristeleg einskap i trua på Jesus. Dersom denne einskapen ikkje er til stades, så tenker eg det er viktig at kyrkjelyden ikkje får inntrykk av noko anna. Trass alt er det denne “anything goes”-haldninga som er mykje av grunnen til at utviklinga har gått såpass fort.

Og det er nettopp dette som er Carissimi sitt poeng. Etter LM2006 og KM2007 har det skjedd eit reelt brot på kyrkjerettsleg mark.

Noter:

[1] Eg vil her seie at eg meiner dette konstituerer to forskjellige syn på evangeliet. Evangeliets kjerne er forlating for syndene, og dermed er det viktig å ha grep om kva som faktisk er synd.

Steve Jobs 1955-2011

Apple melder at Steve Jobs døydde av kreft den 5. oktober. Keynoteane vert aldri dei same.

Gjev han evig kvile, Herre, og la det evige ljoset skina for han. Må sjela hans og sjelene åt alle dei som har døydd i trua på deg, ved din nåde, kvila i fred. Amen.

Trur vi på same Gud?

Foto: photos.com

Eg møter til tider påstanden om at muslimar og kristne trur på, og tilber, den same Gud. Eg vil her prøve å reflektere litt over dette her, med eit positivt utgangspunkt;[1] at vi trur på same Gud.

Historisk sett er muslimar, jødar og kristne nære slektningar. Som kristne trur vi på Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, til liks med jødane. Og det er denne Gud muslimane i si tid vart ‘eksponert’ for. Eg har høyrt det sagt at Islam er eit kristent kjetteri, nært i slekt med nestorianismen. Ein har set stort fokus på Kristus som menneske, som profet, men nektar for at han er Gud. Vi kan likevel seie at dei trur på den same Gud, då dei trur på Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Men det er viktige forskjellar. Eg har skrive litt om Islam sitt forhold til jødedom og kristendom,[2] og vil ta utgangspunkt i dette her.

I forsking på Islam opererer ein ofte med ei såkalla ‘firekjelde-hypostese,’ i spørsmålet om kva som har påverka religionen: (1) pre-islamsk arabisk religion; (2) jødedom;[3] (3) kristendom; og (4) Muhammed sjølv.[4] Eg skal ikkje bruke tid på konkrete forskjellar,[5] men vil reflektere over kvifor eg trur at sjølv om islamsk gudstru kan sporast tilbake til det jøde-kristne, spå trur vi likevel ikkje på same Gud.

Dersom vi les Bibelen, kva er det som er i fokus, kva er det viktigaste? Eg trur Kristus sjølv oppsummerte dette best, på ein måte som samlar saman GT og NT på ei unik måte. Vi les Matt 22,34-40:[6]

34 Og då farisearane hadde høyrt at han hadde målbunde saddukearane kom dei saman mot han, 35 og éin av dei, ein lovkunnig, spurde for å setje han på prøve: 36 “Meister,[7] kva for bod er størst i lova?” 37 Og han svara han: “Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av heile din forstand. 38 Dette er det største of fyrste bodet. 39 Men eit anna er like stort som det: Du skal elska nesten din som deg sjølv. 40 På desse to boda heng heile lova og profetane.”

Det er viktig å ha kunnskap om Gud, men det viktigaste er faktisk å ha ein rett relasjon til han. Difor trur eg ikkje at muslimar og kristne trur på, og tilber, den same Gud. For Gud har openberre seg for oss som treeinig, som Fader, Son og Heilag Ande. Å tru på Gud er ikkje berre å ha kunnskap om hans natur, men å ha ein relasjon til han slik han er, til den treeinige Gud.

Eg vil berre avslutte med at de ikkje var Jobs vener, som snakka om Gud som var dei rette truande, men Job, som snakka med Gud. Tenk på det.

Litteratur:

Kringlebotten, K. (2009). Islam sitt forhold til jødedom og kristendom: ei historisk og komparativ drøfting. Semesteroppgåve i religion med islam som valemne (KME206). NLA Høgskulen, Bergen, sommaren 2009. Lenke til pdf-fil. [Henta 27.09.2011]

Opsal, J. (1994). Lydighetens vei. Oslo: Universitetsforlaget

Tabandeh, Dr. H.N. (2000). “Shi’ism, Sufism and Gnosticism.” Sufism of Iran. Lenke til pdf-fil.[Henta 27.09.2011]

Noter:

[1] ‘Positiv’ i meininga ‘stadfestande.’

[2] Sjå Kringlebotten: 2009

[3] Jødedommen slik den såg ut i tida etter tempelets fall.

[4] Sjå også Opsal: 1994: 137ff. Nokre leg også til ei femte kjelde; gnostisisme. Det kan vi kanskje finne spor av i sufismen, og til det viser eg til Dr. Hajj Nur’Ali Tabandeh. (Tabandeh: 2000)

[5] For fleire forskjellar, sjå Kringlebotten: 2009: 8-19.

[6] Om anna ikkje er nemnt, er alle bibelsitat omsett av underteikna.

[7] Lit. ‘lærar, læremeister.’